Kommentar
Ingvild Pedersen

– 9 av 10 unge kan fint lite om pensjon

Det er strengt tatt ikkje så rart, men pensjon er ikkje berre for gamle folk, skriv fagansvarlig for fondsforvaltning, Ingvild Pedersen.

Eg er ganske A4.

32 år, sambuar og mor til ein 2-åring. Eg er ikkje fremand for å ha taco på fredagskvelden. Eg eig eigen bustad, eller i alle fall ein liten del av den. Eg har ikkje stasjonsvogn, men ein sedan med ganske romsleg bagasjerom. Eg er i jobb, 8 –16 – sånn cirka i alle fall.

Men på eitt område er eg veldig lite A4. Eg er nemleg interessert i pensjon og kan ein del om det. Kall det gjerne ein yrkesskade.

Eg trur ikkje eg tar veldig feil, eller spesielt hardt i, om eg seier at 9 av 10 unge kan fint lite om pensjon. For dei med min type yrkesskade, er dette eit paradoks. Vi veit at no, meir enn nokon sinne tidlegare, burde unge interessere seg for eigen pensjon. Mykje av ansvaret er lagt over på oss. Det er opp til oss å ta grep og sikre oss ein god pensjon.

Så kvifor er unge i dag så lite interessert og engasjert i eigen pensjon? Strengt tatt er det ikkje så rart.

På eitt område er eg veldig lite A4. Eg er nemleg interessert i pensjon.
- Ingvild Pedersen, analytiker i Storebrand

Det er lenge til

La oss kalle ein spade for ein spade. Pensjon handlar om gamle folk. Det er ikkje det ein har mest lyst til å bruke tida si på: Å planlegge å bli gammal. Vi skal leve her og no. Pensjonslivet er langt fram, det er frykteleg lenge til. Det hastar ikkje.

La meg sette det litt i perspektiv. Eg er tidleg i 30-åra i dag og relativt fersk i arbeidslivet. Det er 40 år til eg skal bli pensjonist. Det har skjedd ganske mykje på mine dryge 30 år fram til no, så eg tippar det vil skje ganske mykje på dei neste 30 òg. Å tenke på pensjon, betyr at eg skal tenke meir enn eit liv fram. Det blir fort litt vanskeleg å ta stilling til.

Ikkje nok med det, men skal eg tru statistikkane, kan eg forvente å vere pensjonist i 20-30 år! Altså nesten eit liv til.

For unge, så betyr det å interessere seg for pensjon, at ein skal planlegge for eit liv som ligg over eit liv fram i tid! Det kan då umogeleg haste så fælt?

Les også: Du kan bli pensjonsmillionær – hvis du starter tidlig

Ingvild Pedersen 800x
DØRSTOKKMILA: Mange, og kanskje særleg unge mellom 18 og 30 år, tenker at pensjon ikkje er noko dei treng å tenke på akkurat no. Artikkelforfatteren trur det finst ein god grunn, men at det ikkje skal så mye til å for å få litt meir forståelse. For din eigen del. FOTO: Privat

Kompliserte greier ...

Ser vi bort frå dette, og tenker at eg faktisk fattar interesse for eigen pensjon og vil planlegge for den, kva er det då som møter meg?

Det er ein pensjonsjungel! Nesten like ugjennomtrengeleg som eit tornekratt. Ta min egen pensjonsøkonomi som eit eksempel.

Eg er som sagt eit stykke unna A4 på dette området, så eg har skaffa meg oversikt. Eg har naturlegvis folketrygd. Eg har ein individuell pensjonsavtale frå eit arbeidsforhold under studietida. Eg hadde ein ytingspensjon, som så blei til ein fripolise, og som eg blei anbefalt å gjere om til ein fripolise med investeringsval. Ja, og så har eg innskotspensjon og avtalefesta pensjon (AFP). Og eg er framleis i min første jobb! Er det rart det er vanskeleg å få oversikt?

Les også: Pensjonsjungelen: Slik finner du sparingen som passer for deg

Med pensjon er mi erfaring at jo meir du grev, jo mindre forstår du. Det kjem stadig nye reglar og ordningar. Pensjon er som ei masse i rørsle som det blir umogeleg å få grep om. Kanskje er det like greitt å vente eit par år likevel, til ting har fått satt seg?

I Storebrand har vi eit stort ønske om å hjelpe deg til å få ein betre pensjon.
- Ingvild Pedersen, analytiker i Storebrand

... men lettare enn du trur?

Når du grev, oppdagar du fort at pensjonsverda i tillegg er full av tunge uttrykk, som er ganske fjerne frå daglegtalen til folk flest. Dødelegheitsarv, risikopremie, levealdersjustering, pensjonskapitalbevis – ord som er vanskelege nok å uttale, og enda verre å forstå.

Heldigvis har vi dei som meir enn gjerne vil guide oss gjennom denne jungelen: Media – med VG og Dagbladet i spissen. Det skal ikkje stå på viljen til å hjelpe, eller vere mangel på gode tips på vegen. Du kan for eksempel lese: «Slik redder du pensjonen din», som om den var i fritt fall. «Slik unngår du pensjonsfellene». «Bli en pensjonsvinner», og ein personleg favoritt: «Din guide til GULLPENSJON».

Det fins kanskje ikkje eit «fast track» til god pensjon. Pensjon er individuelt og det fins ikkje A4-svar på alle spørsmål. Samstundes treng det ikkje vere så avansert, om du berre tar eit steg av gongen. Det første er det viktigaste.

I Storebrand har vi eit stort ønske om å hjelpe deg til å få ein betre pensjon. «Din enkle to do-liste for en bedre pensjon» og «Slik blir du pensjonsmillionær», er to eksempel på artiklar du kan finne på denne sida. Den beste starten kan vere å sjå kor all pensjonen din (dine penger!), ligg. Kanskje er det lettare enn du trur?